Camara Lundestad Joof, vaks opp i Sandefjord, er skeiv og halvt gambisk. Andre folk sine meiningar om desse delane av Joof sin identitet, pregar kvardagen og livet hennar. I dette langessayet utforskar ho kva det vil seie å leve som ein dobbel minoritet i sitt eige land. I litterære vendingar drøftar ho blindpunkt hos sjølverklært fargeblinde nordmenn, kva hudfargen har hatt å seie for kven ho i dag har blitt, om det framleis fins ein del av ho som er uberørt av rasisme, og opplevinga av å møte rasisme så ofte, at ho ikkje kan fortelje venene sine om alle hendingar, fordi det vil bety at dei aldri vil kunne snakke om andre ting ilag. Boka er ein del av serien Norsk røyndom. Omtalen er utarbeidd av BS.
-En svært god og viktig bok om rasisme og hverdagsrasisme som vises gjennom forfatterens egne erfaringer. Vil anbefale alle å lese denne. Er en bok jeg kommer til å ta med meg lenge.